Charlotte Therkelsen Sætersdal vart varaordførar i Kragerø
Det utrulege valresultatet for Raudt Kragerø gjev resultat. Raudt Kragerø fekk 16,4 prosent, får 6 repr. og er byen sitt 2. største parti. Raudt har med dette fenge sin første varaordførar i Telemark nokonsinne. Charlotte Therkelsen Sætersdal vart varaordførar i Kragerø, etter at Arbeiderpartiet, Raudt, SV og Miljøpartiet Dei Grøne sluttførte forhandlingane om posisjonar fredag 18. september. Partia er også einige om ei politisk plattform som vert presentert neste veke.
Fordeling i dei ulike utvala
Formannskap (9 medlemmer totalt): 3 til Ap, 3 til Raudt/SV/MDG.
Hovudutval for Helse/Omsorg/Utdanning ( 9 medlemmer totalt): 4 til Ap, 2 til Raudt/SV/MDG. Leiar frå Arbeidarpartiet
Bygningsråd (9 medlemmer totalt): 3 til Ap, 3 til Raudt/SV/MDG. Leiar frå Arbeidarpartiet
Hovudutval for samfunn (9 medlemmer totalt): 4 til Ap, 2 til Raudt/SV/MDG. Leiar frå Rødt/SV/MDG
Dei samarbeidande partia har 21 av 35 representantar i Kragerø kommunestyre.
Forhandlingsresultatet skal endeleg godkjennast av partia sine respektive medlemsmøter måndag 21.september. Eg ønskjer alle Raudt sine folk i Kragerø kommunestyre lukke til!
Les også: FANTASTISKE RAUDT!
Ivar Jørdre
Kjelde: varden.no, kragero.kommune.no