Kapitalismen sine eigenskapar og den feilaktige analysa – oppretting av ein kulturfront
Kapitalismen sine grunnleggjande eigenskapar forklårar kvifor han var eit meir progressivt system enn føydalismen. For det første var lønnsarbeidet eit framsteg framfor slavearbeid (sjølv om slavearbeid og slaveløn er til stades i kapitalismen i ulike delar av verda også i dag), liveigenskap osb. Dette hadde vore systemet før, i høve til menneskeleg fridom, produktivitet og revolusjonært potensiale. For det andre så tvang konkurransen mellom kapitalistar dei til å utvikle produksjonen på ein måte som hadde vore utenkeleg før.
Men akkurat desse eigenskapane ved kapitalismen inneheld frøa til all umenneskelegheit, ulikheit, kriser, krig og øydeleggingar. Eigenskapar som gjer det viktig å knuse kapitalismen. ..les meir på sida for Marxisme
Det er oppmuntrende å vite at mennesket har maktet å organisere flere forskjellige typer samfunn, og derfor heller ikke er dømt til å leve i kapitalismen til evig tid (under føydalismen var det naturlig som bare det at samfunnet var innstiftet og opprettholdt av Gud. I dag tenker de fleste helt annerledes, selv om lojalitet overfor autoriteter er en hemsko). Friedrich Engels sin analyse av såkalte urkommunistiske, ikkestatlige samfunn er verdt å ta med.
Utfordringen er å bryte med et kapitalistiske tankegods, for de materielle og teknologiske forutsetningene er til stedet for å innføre sosialisme. Til sammenligning var Russland anno 1917, pga. sin delvis førkapitalistiske struktur, mye mindre i stand til å utvikle en godt fungerende sosialisme enn industrialiserte land i dag. For eksempel er verdens arbeiderklasse (som Marx kaller kapitalismens gravleggere) mange ganger større enn for hundre år siden. Den historiske utviklingen gir med andre ord håp. Det står på oss og den internasjonale arbeiderkampen.
Boktips. Jodi Dean: Communist Horizon. Vi er alle (nesten) protelarer!
Puuuust peeesss.
Alle de som har nettsider, blogger, etc lever stort sett med meg , i de rike kapitalistiske landene.
De og jeg har så langt allerede forbrukt en alt for stor del av verdens ressurser.
Nå forbruker de tiden til meg og andre med timelange skriv slik at jeg ikke kan lese alle og slett ikke kontrollere innholdet i alle.
Alle som skriver blogger og nettsider, burde vært sperret inne ! og fått melding om å skjære ned minst 90 % av sine skrift og blitt enige og summere det hele i noen dikt.
Jeg,,, trenger jo egentlig ikke å vite alt og slett ikke mer enn,
at ca 3 milliarder av menneskene – nærmest hvert andre menneske – har mindre en ca 3 dollar å leve for hver dag.
Jeg burde skrevet:
Ikke skriv individuelle blogger, nettsider,,, .
Ikke forbruk min tid og min maskin og verdens energi.
Halvparten av menneskene har ikke levekår og
barn dør daglig av sult.
Om en egentlig vil formidle noe til oss mennsker så husk Maos ord:
Kunst er å ta ut og summere essenser av virkeligheten, derfor er kunst virkeligere enn virkeligheten.
Bruk derfor kroppens energi og gå og se, opplev og bli utfordret av de skapende kunstnernes arbeider og ytringer.
Roger
Ja, heilt einig, bur inne alle bloggarar og nettsidegalningar! Meg inkludert, men du må burast inne også, du skriv dei lengste e-postar eg kjenner til og (ikkje minst) du har vore med å skreve den teksten om MOTMAKT og alt det der. Så ja, lat oss verte burt inne heile gjengen. Her er teksten ei gong til, i tilfelle du vil lesa den ei gong til før fengselet sine portar stenger. Skikkeleg peeesete saker….dette..
Motmakt mot kapitalismen ved hjelp av ein Kulturfront
publisert 12. februar 2013
Kapitalismen sine eigenskapar og den feilaktige analysa – oppretting av ein kulturfront
Kapitalismen sine grunnleggjande eigenskapar forklårar kvifor han var eit meir progressivt system enn føydalismen. For det første var lønnsarbeidet eit framsteg framfor slavearbeid (sjølv om slavearbeid og slaveløn er til stades i kapitalismen i ulike delar av verda også i dag), liveigenskap osb. Dette hadde vore systemet før, i høve til menneskeleg fridom, produktivitet og revolusjonært potensiale. For det andre så tvang konkurransen mellom kapitalistar dei til å utvikle produksjonen på ein måte som hadde vore utenkeleg før.
Men akkurat desse eigenskapane ved kapitalismen inneheld frøa til all umenneskelegheit, ulikheit, kriser, krig og øydeleggingar. Eigenskapar som gjer det viktig å knuse kapitalismen.
Utviklinga av ein kapitalistisk vareproduksjon leiar til ei verd der alt er til sals. Forvandlinga frå arbeidskraft til ei vare, framandgjer arbeidaren frå sitt arbeid og frå produktet av dette arbeidet. Det gjer om arbeidet til kjedeleg rutinearbeid og arbeidarar til maskindeler og kontor inventar.
Den ukontrollerte konkurransen mellom kapital produserar periodiske kriser der firma går konkurs, produksjonen ramlar, folk vert arbeidslause og fattige. Same konkurransen fører til at mindre firma vert overteke av større og sterkare. Kapital og produksjon konsentreras dermed i eit fåtal gigantiske selskap. Konkurransen dei imellom kan leie til meir alvorlege hendingar som krig og aukande miljø øydeleggingar og andre kriser.
Sosialdemokratar trudde før (no trur dei absolutt ikkje på slikt lenger) at gjennom aukande statleg eigarskap og statleg styring av kapitalismen, ville det verte mogeleg og skrittvis avskaffa kapitalismen. Eller i alle fall å temme han. Dei tok grundig feil. Det skapte ikkje ei blanding av kapitalisme og sosialisme, utan berre ei blanding av kapitalisme og statskapitalisme. Stalinistane trudde at land der staten nesten eigde alt og planla alt, som Sovjet og Kina, var sosialistiske. Dette til tross for at arbeidarane verken kontrollerte produksjonen eller staten. Lønnsarbeidet var verande og staten konkurrerte med resten av den kapitalistiske verda. Dei tok og feil. Eit samfunn kontrollert av eit privilegert statleg byråkrati, var og er ikkje sosialisme, men eit byråkratisk statskapitalistisk tyranni.
I dagens sosiale rørsler finns det mange som identifiserar nyliberalismen som den einaste fienden, og ikkje kapitalismen som heilheit. Nyliberalismen er sjølvsagt ein fiende, men han er berre eit av hovuda på kapitalismen sine akslar. Å hogge av eit hovud kjem ikkje til å gjere dei andre hovuda mindre dødelege.
Det finns berre ein måte å avskaffe kapitalismen på og oppnå sosialisme og kommunisme. Det er at arbeidarane og kunstnarane sjølv tek over eigarskapet og kontrollen over produksjonsprosessen. For å gjere det må dei ta den politiske makta.
Rosa Luxemburg oppsummerte det heile då ho skreiv:” der kapitalismen sine lenker vert smidde, må dei brytast”.
Kriser, framandgjering og produksjonskreftene i kapitalismen
Kriser i kapitalismen omtalar Karl Marx i Kapitalen som «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning». Her skriv Marx: “Den kapitalistiske produksjonens virkelige grense er kapitalen selv. Det er at kapitalen og dens egenekspansjon viser seg som utgangspunkt og endepunkt, beveggrunnen for og hensikten med produksjonen; at produksjonen bare er produksjon for kapital og ikke motsatt, produksjonsmidlene blir ikke midler som kun er til for en uavbrutt ekspansjon av den levende prosessen til produsentenes samfunn. De grensene innen hvilken opprettholdelsen og sjølekspansjonen av kapitalens verdi (som hviler på eksproprieringa og fattiggjøringa av den store massen av produsenter) alene kan bevege seg, disse grensene kommer stadig i konflikt med produksjonsmetodene kapitalen må bruke for å nå sitt mål, og som har som siktemål ubegrensa utvidelse av produksjonen, produksjon som mål i seg sjøl, betingelsesløs utvikling av samfunnets produktivitet. Midlet – den betingelsesløse utviklinga av samfunnets produktivkrefter – kommer i stadig konflikt med den begrensa målsettinga, sjølekspansjonen til den eksisterende kapitalen. Når derfor den kapitalistiske produksjonsmåten er et historisk bestemt middel for å utvikle de materielle produktivkreftene og skape et tilsvarende verdensmarked, er den samtidig den konstante motsigelsen mellom denne historiske oppgave og de tilsvarende samfunnsmessige produksjonsforhold.» Karl Marx: Kapitalen -bind 3, siste del av kapittel 15.2 «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning».
Produktivkreftene sin ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at “Den kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.” Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med gjevne mellomrom. Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie.
Slike kriser i det kapitalistiske system er noko også kapitalistane reknar med, men dei prøver å korte ned nedgangstida så mykje som mogleg. Det er då kapitalismen visar at dei er eit system samansett av ulike aktørar med kryssande tilhøve til kvarandre, som er avsondra med “verda” utanfor. Der folkefleirtalet si deltaking som produsentar på brei front nok ein gong vil trå til på kapitalen sin premissar utan å endre systemet. Utfordringa vert likevel å hindre at ei krise vert eit springbrett til at arbeidarane kan få mange med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om kapitalen sitt kart stemmer med det globale terrenget. Karl Marx si tese om framandgjeringa av arbeidaren som produsent kan her hjelpe oss med å forstå dette. I Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 189-208, skriv han: “Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser – eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse.”
Vara si mytiske karakter og dobbeltheit (Vara si fetisjkarakter) og kunsten
Om framstillinga av vara sin fetisjkarakter seier Marx: at ei vare ved første blikk ser ut til å vere ein sjølvsagt, triviell ting. Men analysen viser at ho faktisk er ein svært innvikla ting, full av metafysisk spissfindig innhald og teologiske nykkar. Sett som bruksverdi er det ikkje noe mystisk ved ho, anten me no ser på ho som noko som har eigenskapar som gjer at ho kan tilfredstille menneskelige behov, eller at ho først får desse eigenskapane som produkt av menneskeleg arbeid. Det er innlysande at menneska gjennom verksemda si endrar formene på naturstoffa på ein måte som gjer dei til nyttige ting. Eit eksempel på dette er eit bord som er laga av tre. Forma på treet blir endra når ein lagar bord av det. Men bordet fortsett med å vera tre, ein alminneleg ting som me kan sanse.
På same måte som vara ser kapitalistane på kunsten som omsetteleg, med sin mytiske og fetisjaktige karakter. Så snart kunsten opptrer som vare, så endrar han seg til ein ting som ein kan sanse som har oversanselege eigenskapar. Kunsten vert ufarleggjort og kan brukast i kapitalen si interesse. Her ligg også manipuleringa og undertrykkinga av kunsten som eit reiskap for kapitalen sitt ve og vel. Ein skal på borgarleg vis «kose» seg med kunst og investera i han, men kunsten må ikkje føre til folkeleg opplysning og kime til opprør og endring. Kunsten står dermed med eit bein i kapitalismen og eit bein i opprøret og sosialismen. Det vert då viktig å få begge bein radikale (rotvelting) og på bakken, og ikkje berre med eit bein utanfor kapitalen, ei frigjering av kunsten er naudsynt for endring.
Marx seier at vara sin mystiske karakter ikkje spring ut av bruksverdien ho har. Han spring heller ikkje ut av korleis verdien i ho blir bestemt, av innhaldet i verdibestemtheita. Det er tre grunnar til det. For det første er dei nyttige arbeida eller dei produktive verksemdene funksjonar av den menneskelege organismen, same kor ulike dei er. Og dette er vesentleg forbruk av den menneskelige hjernen, nervane, musklane, sanseorgana osb. For det andre så er det slik at det som ligg til grunn for storleiken av verdien, nemlig kor lenge det nemnde forbruket varer, kvantiteten av dette (dvs. arbeidstida) er noko synleg ulik frå kvaliteten i arbeidet. Menneska må under alle samfunnstilhøve vera interessert i kor lang tid det tek å produsera livsmidla sjølv om graden av interesse vil variere med graden av utviklinga av sivilisasjonen.
For det tredje er det slik at menneska sitt arbeid får ein samfunnsmessig form så snart dei på ein eller annan måte arbeidar for kvarandre. Det er altså slik sett ikkje noe mystisk i eit produkt når me ser på bruksverdien av det eller i den verdien som er nedlagt i det gjennom arbeid eller i det faktum at produksjonen er samfunnsmessig. Alt dette er synleg og lett og sjå og forstå.
Naudsyntheita av ein Kulturfront
Det er naudsynt med ein Kulturfront i eit sosialistisk og kommunistisk parti, der partiet (med kommunistisk medvit og teori) må ta eit ansvar for å ta initiativ for å organisera ein slik front.
Denne front og i kontrast til dei «sosiale» media som nå visar seg, har ein enorm styrke ved å gje signalar til alle, samstundes. Men dei kan ha svakheiter om dei manglar naudsynte «filtre og reglar».
Det tek tid å byggje ein kulturfront, då ein og må bruke kunstnarar – dvs. få personar frå eit fattig/framandgjort felt og då ein må bruke ei viss tid.
Eit utanomparlamentarisk arbeid via ein kulturfront er særleg naudsynt når ein stadig skal verte betre parlamentarisk. Særleg når kommunane har minimalt med pengar, driv svært lite politikk og mykje byråkratisk arbeid for å tillempe ein statleg politikk.
Difor er det viktig å kome i gong med eit medvite og ansvarleg arbeid for framdrift i 2013 og framover.
Kva skal me konkret ta opp? Ulike teoriområder, ulike virkeområder, trongen for ein av-framandgjering, trongen for massekamp, trongen for organisering av ein Kulturfront. Kort sagt, trongen for aksjonar på ulike plan.
Ein Kulturfront må vera inkluderande, og vera heilt open for sosialistar og kommunistar sin argumentasjon utan den sensureringa som finn stad i det kommersielle marknads-media-samfunnet.
Oppretting av ein Kulturfront
Ein Kulturfront må ha og få oppgåver av ulik slag og emne og truleg ha ein formålsparagraf. Formålet må vera å inkludere alle på venstresida – for eit naudsynt sosialistisk samfunn.
Det må og naudsynt, i globalkapitalismen si tid, vera ein front, som inkluderar folk frå sosialdemokrati til sosialistar og kommunistar på bakgrunn av formålet si breidde og avgrensing.
Ein viktig problemstilling for fronten vil vera dekonstruksjonen av fetisjismen rundt arbeidsdagen og slik ei naudsynt innføring av 6-4 timars arbeidsdag.
Oppstart av kulturfronten
Ein kunne starte ein slik front ved å lage eit «utstillingsprosjekt» i to- tre kommunar i Hordaland og involvera t.d. fagrørsle, Småbrukarlaget, kunstnarorg., Raudt, SV, DNA.
Kunstnarar har tradisjonelt vore både i og utanfor kulturfrontideen, men ikkje alltid sett naudsyntheita av ei slik organisering av ei sosial utdanning av eit sosialistisk medvit. Difor må eit slikt initiativ kome frå nokon som har ein første ide. For så vidare å kome til eit konkret praktisk uttrykk ved at t.d. Raudt si leiing tek initiativet vidare.
Oppsummert i punkt, kan det sjå ut som føljande:
1. Kven kan gripe tak i dette og kva kan ein gjere i praksis.
Ein bør særleg legge vekt på å utfordre Bergen og omlandet og dei radikale miljø – der Raudt er aktiv – som Voss, Odda, Os, Askøy, Austevoll, Radøy, Austrheim, Kvam. Dette er kommunar som har eit politisk og faglig bra miljø.
2. Heilt konkret kva for prosjekt kan ein etablera straks og kva må ein bruke tid på.
3. Kven kan væra med på å reise dei første byggesteinar til ein front.
4. Ein Kulturfront er avhengig av eit Kulturfond eller andre finansieringar.
Raudt må kunne søke om prosjektmidlar saman med andre.
Ein felles Kulturfront må kunne få midlar til eit fond gjennom fagforeiningar og arbeidarrørsle eller støtteuttalingar frå desse.
5. Kontakt med kunstnarar internasjonalt som ønskjer samarbeid og utveksling.
Ideologisk bakgrunn
Noko av det mest sentrale er dei indre motsetnadane i kapitalismen. Ikkje berre motsetnaden mellom vare og marknad, men og i vesentleg grad den akkumulasjonsmessige (altså graden av profittmaksimering) som ligg i det kapitalistiske systemet. Det går ei grense den tid kapitalistane ikkje lenger klarar å skape aukande profitt. Då kollapsar deler av produksjonen og kriser oppstår. Det vert ei produksjonskrise. Dette har m.a. å gjere med marknaden si tvangslov, som Marx forklarar godt. Døme på dette er mellom anna lønenedsettingar i Tyskland (med dei store fagrørslene i Tyskland si velsigning), andre døme er når bedrifter flyttar til lågkostnadsland. No flyttar også kapitalen frå Kina til t.d. Kambodja, når akkumulasjonsrata vert for liten, og i Noreg er det siste dømet «SAS-ifiseringa». Slik at t.d. lønetvangen i Tyskland har fagrørsleeliten vore med kapitalistane i å gjere nett det mange før har skreve og kommentert, at: «å hindre at ei krise vert eit springbrett for auka framandgjering, slik at arbeidarane ikkje får mange med seg til å tenkje gjennom i kva retning menneska er på veg..» Kapitalistisk nok er det slike tilfelle me truleg får og meir av i det kriseramma Europa. Likevel vert spørsmålet om kor lenge dette held før arbeidarklassen avslørar denne løgna og får til mobilisering av motstand, så det monnar.
På bakgrunn av dette må me m.a. som revolusjonært parti, gjera føljande: Å vera med å skape denne motstanden gjennom avsløring av framandgjeringa. Då listar me opp 5 punkt som er gode og dekkande for kva som må gjerast. Men, for at dette kan gjennomførast må også me som parti gjennom ei medvitsprosess. Der ligg også litt av utfordringa vår. Det om kultur og kunst, og medvitsprosess rundt det, vert då viktige verkemiddel i tillegg til dei meir «linjeforma» politiske aktivitetane. Her er det mykje som må gjerast!
Ivar Jørdre og Roger Gjerstad, Raudt i Bergen og i Hordaland, februar 2013
I.
Takk for respons.
Ja jeg vet jeg sitter i glasshus og kaster stein.
Poenget var et rop for de kunstneriske essensielle formene og deres gjennomslagskraft
og det nødvendige kollektive og mangfoldige forarbeidet.
Stort sett er ikke kunstnerne involvert i en forpliktende gruppe for-arbeidere som og
har interesse av at et stort innhold summeres og effektiviseres og slik formidles
med minimal bruk av data-energi.
Det innebærer at de fleste er fremmede for kunstens fornyende, effektiviserende
gjennomslagskraft.
Det ER ikke i dag et radikalt initiativ for en diskusjon om effektiv formidling mellom mennesker
slik Mao i sin tid gjorde midt under revolusjonen.
Det ER dette som ER «venstresidens» kulturpolitikk i dag.
Slik Marx først måtte kritisere religionens fremmedgjørende fengsel av mennesker og samfunn,
burde radikale initiativer kritisere OGSÅ den radikale kulturens fremmgjørende usynliggjøring
av menneskenes skapende ideer og skapende former.
Jeg skal se på teksten og korte den kraftig ned.
Ha en fin fin dag.
R
Motmakt mot kapitalismen ved hjelp av ein Kulturfront
Posted on februar 12, 2013…..
Det er nesten helt umulig å komme videre.
Vi er få, vi er sprikende, vi har forskjellig økonomisk grunnlag…etc.
Hvordan starter vi nå i 2020….
Roger